Søk i denne bloggen

11.07.2013

Leilegheit i Bergen

For eit år sida, kjøpte me oss leilegheit i Bergen. Det er ein treroms leilegheit med stor terrasse, fin utsikt og kveldssol.

For ei bygda jenta som er vane med å kunna gå rundt huset utan og møta på naboen, er det veldig uvant å bu med naboar ein må respektera og tolerera på alle kantar.  

Dette bilde tok eg i vinter fra terrassen.


Frå leilegheita vart bygd i 1999, er det mykje som har forandra seg innan interiør og byggtekniske løysingar. Frå fargeval på tapet til det at alle innerdørene er spikra og ikkje skrudd, ikkje rart at det knirkar når ein skal lukke og opne dei. 

I sommar skal me pussa opp badet og gangen, gleda meg til og sjå korleis det ferdige resultatet blir.

Her er eit bilde av korleis badet såg ut når me kjøpte leilegheita, 
bilde har eg lånt frå annonsa som låg på finn.no