Søk i denne bloggen

30.11.2014

Førjulskos

I dag har eg tatt fram litt julepynt. Eg har lenge leita etter ein adventstake, når eg såg denne på Åhlens, viste eg at den skulle vera med meg heim.  
Dompapane, nissane og trehuset har besto mi laga, og willowtree engelen fekk eg av nevøen min.

Den snille kjærasten min kom heim med gluten fri pepperkake deig til meg.

Pepperkane var gode og det var veldig koselig å gjere dette i lag med kjærasten.

23.11.2014

Kvitmalte innerdører

To strøk med grunning, eit topp strøk, seks karmar og innerdører.  
Eg gjekk lenge å lurte på om eg ikkje bare skulle skifta ut dørene til ferdigmalte dører, men i det bruk og kast samfunnet me lever i gjekk eg for gjenbruk.
Pussepapir, grunning med kvistlakk, maling og nye dørvridara blei kjøpt inn.
Etterkvart fekk eg ånda over meg og eg tok ei og ei dør føre meg. Når eg først satt i gang vart jobben gjort i løpet av eit par veke.
Ei av to dører i ståva ferdig malt, taklistene fekk etterkvart tre støk maling dei også. 


Gangen og entreen før, undervegs og til slutt. 



God Søndags kveld!

16.11.2014

Fin søndag i November


Glutenfrie scones til Lunsj.
Eg har aldrig laga scones før, det var veldig lett. Eg brukte ca. 20 min. frå eg fann fram ingrediensane til dei var ferdig steikt.

Eg satt steikeomnen på 250 grader og fann fram ingrediensane:
2 dl fint glutenfritt mjøl
2 dl Grovt glutenfritt mjøl
2 ts bakepulver
½ dl rapsolje/margarin
1 dl mjølk
1 dl kesam

Blanda alt det tørre, tilsatt olja, mjølk og kesam.
Eg fekk fira scones ut av denne oppskrifta. 
(Dersom deigen blir klissete kan ein bruka is skei med litt olja på, til og fordela deigen med.)

Før eg satt brette i midten av omnen, pensla eg sconesa med mjølk (kan også bruka egg eller olja), laga eit kryss og strødde litt glutenfrie havregryn på toppen. 
Sconsa er klare til servering etter ca. 10 min steiketid.
Dei smakte ekstra god med bringebærsyltetøy og eple.
Oppskrifta fant eg på denne bloggen: glutenfrieperler 

Etter lunsj tok me ein tur til sentrum på by vandring.