Søk i denne bloggen

11.01.2015

Baby Shower i Uvêret

Medan uvêret ruska på som verst på laurdag, arrangerte eg baby shower i stova til søstera mi. 
Eg har to søstrer som skal ha baby i 2015, å eg ville overraska dei med ein baby shower. 
Eg veit ikkje kva kjønn dei får så det blei ein kjønnsnøytral baby shower.

Vimpelen laga eg av papir og silkeband, i endane brukte eg bilde av same storken som var på serviettane. Eg brukte sjablong til bokstavane og klypte ut alle rundingane for hand (ja det tok lang tid). 


Eg laga to bleiekaker og brukte dei som dekorasjon på bordet. Kanina på toppe er ein koseklut frå IKEA. Kakepynten består av silkeband, smokkar og papir pynt.

Eg fann mykje god inspirasjon på desse nettsidene Babyshowertips og Babyshowerpikene.
Eg hadde lyst til og gjer ein liten vri på dei typiske baby shower leikane, og googla meg fram til ein baby shower quiz som eg tok utgangspunkt i.
Eg delte alle inn i to lag og på slutten av quizen utfordra eg til eit friidrettsstemne. Laga måtte velje ut kven som skulle gjennomføra dei forskjellige greinene, dei fekk utdelt desse stikkorda. 
1: Stafett 3.stk, nøkkeleigenskapar rask, styrke og lungekapasitet
2. Stille lengde 1.stk (Kan ikkje utførast av gravide)
3. Samarbeid 2.stk 

Stafetten gjekk ut på at den raske på kvart laget skulle fylla 200ml vatn på ei drikkeflaska, skru den saman og gje den vidare til deltakaren for styrke som skulle drikka opp vatnet, når flaska var tømt skulle deltakaren for lungekapasitet blåse opp ein ballong til den sprakk.
På stille lengde fekk deltagarane utdelt silkeband som dei skulle klippa opp på den lengda dei trudde stemte med målet rundt magen på dei gravide.
Samarbeid gjekk ut på å lukta seg fram til kva babyen hadde ete, her kan ein bruka forskjellege matvarer, eg brukte fem bleier med A: Most banan og eplejuice B: Most avokado C: Leverpostei med bacon D: Smoothie E: Smøremyk brunost.  
Det er veldig artig kor ekle vanlege matvarer blir med ein gong dei blir smurt utover i ei bleia. 

 Eg fekk god hjelp til matlaging og det var ein koseleg gjeng som møtte opp til tross for uvêret som herja ute.  



~ Sweet Little Baby ~

Ten tiny fingers,
Ten tiny toes,
A sweet little smile
A cute little nose.
All these things add up.
To a special little baby


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar