Søk i denne bloggen

01.09.2013

Nytt bad


Sommarferien gjekk med til å oppussing av badet.

Det gule bade er blitt lyst og fint, med kvite fliser på veggen (25x43) og antrasitt fliser på golvet (20x20). Flisene kjøpte me på Odin flissenter på Midtun, her fekk me veldig god service.



På badet var det to vann uttak, eit til dusjen ved sida av vasken og eit til boblebad over sluken. For og sleppa eit synlig avløpsrøyr tvers over golvet frå dusjen og bort til sluken, bestemte me oss for å setta inn dusjen over sluken.

  

Bjørke benken frå Ikea er veldig grei til å legga frå seg reine kler på, samtidig som den gjer ein naturlig varme og litt liv til rommet.  

  
Do rull holdar har me ikkje fått opp på veggen ennå. Eg har sett meg ut ein på Skeidar og ventar på at dei skal få den inn igjen i butikken.

 
Kjærasten fekk sjå eit bilde av ugle såpedispenserane frå Åhlens, reaksjonen var "den var stygg"
Nei nei så blir det ikkje ugle såpedispenser på meg då.
Plutselig ein dag kom han heim med denne ugla :-)


 Til neste sommar skal eg ha heilt fri i ferien og kjenna sand under føtene.


Fram til det skal eg nyta det nye badet.



6 kommentarer:

  1. Flott! Så flinke doke e! Må ta meg ein tur snart!

    SvarSlett
  2. Wow! Da blei knallfint :) blir bra med sand under føttene :)

    SvarSlett
  3. Så lekkert da blei! De e goe!

    SvarSlett
  4. Takk :) Ja trivselsfaktoren steig nokon hakk no :)

    SvarSlett