Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg

23.11.2014

Kvitmalte innerdører

To strøk med grunning, eit topp strøk, seks karmar og innerdører.  
Eg gjekk lenge å lurte på om eg ikkje bare skulle skifta ut dørene til ferdigmalte dører, men i det bruk og kast samfunnet me lever i gjekk eg for gjenbruk.
Pussepapir, grunning med kvistlakk, maling og nye dørvridara blei kjøpt inn.
Etterkvart fekk eg ånda over meg og eg tok ei og ei dør føre meg. Når eg først satt i gang vart jobben gjort i løpet av eit par veke.
Ei av to dører i ståva ferdig malt, taklistene fekk etterkvart tre støk maling dei også. 


Gangen og entreen før, undervegs og til slutt. 



God Søndags kveld!

01.09.2013

Nytt bad


Sommarferien gjekk med til å oppussing av badet.

Det gule bade er blitt lyst og fint, med kvite fliser på veggen (25x43) og antrasitt fliser på golvet (20x20). Flisene kjøpte me på Odin flissenter på Midtun, her fekk me veldig god service.



På badet var det to vann uttak, eit til dusjen ved sida av vasken og eit til boblebad over sluken. For og sleppa eit synlig avløpsrøyr tvers over golvet frå dusjen og bort til sluken, bestemte me oss for å setta inn dusjen over sluken.

  

Bjørke benken frå Ikea er veldig grei til å legga frå seg reine kler på, samtidig som den gjer ein naturlig varme og litt liv til rommet.  

  
Do rull holdar har me ikkje fått opp på veggen ennå. Eg har sett meg ut ein på Skeidar og ventar på at dei skal få den inn igjen i butikken.

 
Kjærasten fekk sjå eit bilde av ugle såpedispenserane frå Åhlens, reaksjonen var "den var stygg"
Nei nei så blir det ikkje ugle såpedispenser på meg då.
Plutselig ein dag kom han heim med denne ugla :-)


 Til neste sommar skal eg ha heilt fri i ferien og kjenna sand under føtene.


Fram til det skal eg nyta det nye badet.



29.08.2013

Ny gang

Det er kjekt med ein fin gang, då dette er det første rommet som møter deg når du opnar ytterdøra. 
 
 I vindfanget var det lyseblå tapet på veggen og flisemønstra laminat på golvet.


I gangen var det lysegrøn tapet på veggen og kirsebærfarga parkett på golvet.

 No har gangen lys metallic tapet på veggen,  gråsteins fliser på golvet og nye dør/golv og taklister.
Furudørene skal eg male utover hausten.


Eg har aldrig fjerna tapet før, så her blei det litt prøving og feiling. Det yttarste laget på tapeten slapp greitt ved hjelp av dampvaskar.
Eg følgde råda eg las på nettet, pussa det tynne papirlaget som hang igjen på veggen og fjerna alle synlige luft bobler.
Så skulle eg prøva å grunna eit liten felt, det var ein stor skuffelse å sjå at papiret begynte å bobla seg. 
Me fekk råd av ein malar som sa at me skulle bløyte papiret med ei spruteflaska med vatten og fjerne papiret med ei sparkel skei. Jobben blei med ein gong mykje lettare, samtidig prøvde eg å ikkje tenka på alt arbeidet me kunne spart oss for.
Det blei litt mykje vann søl på golvet, men me trengte heldigvis ikkje bekymra oss for at parketten kunne ta skade av dette når me likevel skulle skifte den ut.


Det var første gongen eg tapetserte, så eg var veldig spent på korleis resultatet skulle bli. Undervegs var eg redd for at det skulle bli for lite tapet, eg enda opp med ein og ein halv rull til overs.  
Garderobesakpet i gangen fekk ny innredning, før var det ei garderobestang og ei skohylle som sto på golvet. Eg ville prøve å utnytte plassen litt betre, og hadde som mål å få plass til hue/vottar/skjerf, ytterjakker, sko og arbeidskleda til sambuaren.  
Det er veldig praktisk med eit innfelt garderobeskap som er skjult bak spegl dører.