Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg

23.11.2014

Kvitmalte innerdører

To strøk med grunning, eit topp strøk, seks karmar og innerdører.  
Eg gjekk lenge å lurte på om eg ikkje bare skulle skifta ut dørene til ferdigmalte dører, men i det bruk og kast samfunnet me lever i gjekk eg for gjenbruk.
Pussepapir, grunning med kvistlakk, maling og nye dørvridara blei kjøpt inn.
Etterkvart fekk eg ånda over meg og eg tok ei og ei dør føre meg. Når eg først satt i gang vart jobben gjort i løpet av eit par veke.
Ei av to dører i ståva ferdig malt, taklistene fekk etterkvart tre støk maling dei også. 


Gangen og entreen før, undervegs og til slutt. 



God Søndags kveld!

13.02.2014

2014 starta med eit fargekikk.

I haust kjøpte eg kvite puter til sofaen, det blei fort kjedelig. Då passa det meg fint at det var januar sal på Kremerhuset.



Eg er veldig lei av den slitte, raude og skrikande parketten. Det kom seg veldig med eit sofateppet. Sofabordet fant eg på finn.no. Eg var klar over at det var litt for stort til sofaen vår, men eg har ein plan om å re designe det slik at det passer betre inn.



 Turkis er ein av dei fargane eg er mest glad i for tida. Eg har lenge sett etter eit bilde me kunne ha over sofaen. Her ein dag fekk eg veldig lyst til å henta fram igjen gamle male kunster, og prøvde meg på eit abstrakt bilde. Bilde kunne ha vore litt større, men fordelen med at eg har mala det sjølv er jo at eg kan skifte det ut når eg føler for det.



Favoritt bilde mitt "Et godt smil kommer sjelden alene" av Gunilla Platou





29.08.2013

Ny gang

Det er kjekt med ein fin gang, då dette er det første rommet som møter deg når du opnar ytterdøra. 
 
 I vindfanget var det lyseblå tapet på veggen og flisemønstra laminat på golvet.


I gangen var det lysegrøn tapet på veggen og kirsebærfarga parkett på golvet.

 No har gangen lys metallic tapet på veggen,  gråsteins fliser på golvet og nye dør/golv og taklister.
Furudørene skal eg male utover hausten.


Eg har aldrig fjerna tapet før, så her blei det litt prøving og feiling. Det yttarste laget på tapeten slapp greitt ved hjelp av dampvaskar.
Eg følgde råda eg las på nettet, pussa det tynne papirlaget som hang igjen på veggen og fjerna alle synlige luft bobler.
Så skulle eg prøva å grunna eit liten felt, det var ein stor skuffelse å sjå at papiret begynte å bobla seg. 
Me fekk råd av ein malar som sa at me skulle bløyte papiret med ei spruteflaska med vatten og fjerne papiret med ei sparkel skei. Jobben blei med ein gong mykje lettare, samtidig prøvde eg å ikkje tenka på alt arbeidet me kunne spart oss for.
Det blei litt mykje vann søl på golvet, men me trengte heldigvis ikkje bekymra oss for at parketten kunne ta skade av dette når me likevel skulle skifte den ut.


Det var første gongen eg tapetserte, så eg var veldig spent på korleis resultatet skulle bli. Undervegs var eg redd for at det skulle bli for lite tapet, eg enda opp med ein og ein halv rull til overs.  
Garderobesakpet i gangen fekk ny innredning, før var det ei garderobestang og ei skohylle som sto på golvet. Eg ville prøve å utnytte plassen litt betre, og hadde som mål å få plass til hue/vottar/skjerf, ytterjakker, sko og arbeidskleda til sambuaren.  
Det er veldig praktisk med eit innfelt garderobeskap som er skjult bak spegl dører.