Sommarferien gjekk med til å oppussing av badet.
Det gule bade er blitt lyst
og fint, med kvite fliser på veggen (25x43) og antrasitt fliser på
golvet (20x20). Flisene kjøpte me på Odin flissenter på Midtun, her fekk
me veldig god service.
På badet var det to vann
uttak, eit til dusjen ved sida av vasken og eit til boblebad over sluken. For
og sleppa eit synlig avløpsrøyr tvers over golvet frå dusjen og bort til
sluken, bestemte me oss for å setta inn dusjen over sluken.
Bjørke benken frå
Ikea er veldig grei til å legga frå seg reine kler på, samtidig som den gjer ein naturlig varme og litt liv til rommet.
Do rull
holdar har me ikkje fått opp på veggen ennå. Eg har sett meg ut ein på Skeidar og ventar på at dei skal få den inn igjen i butikken.
Kjærasten fekk sjå eit
bilde av ugle såpedispenserane frå Åhlens, reaksjonen var
"den var stygg"
Nei nei så blir det ikkje
ugle såpedispenser på meg då.
Plutselig ein dag kom han
heim med denne ugla :-)
Til neste sommar skal
eg ha heilt fri i ferien og kjenna sand under føtene.
Fram til det skal eg nyta det
nye badet.
Flott! Så flinke doke e! Må ta meg ein tur snart!
SvarSlettTakk :-) Ja da må du!
SlettWow! Da blei knallfint :) blir bra med sand under føttene :)
SvarSlettTakk :) Ja da skal bli godt!
SlettSå lekkert da blei! De e goe!
SvarSlettTakk :) Ja trivselsfaktoren steig nokon hakk no :)
SvarSlett