Eg har to søstrer som skal ha baby i 2015, å eg ville overraska dei med
ein baby shower.
Eg
veit ikkje kva kjønn dei får så det blei ein kjønnsnøytral baby shower.
Vimpelen laga eg av papir og silkeband, i endane brukte eg bilde av same
storken som var på serviettane. Eg brukte sjablong til bokstavane og klypte ut
alle rundingane for hand (ja det tok lang tid).
Eg laga to bleiekaker og brukte dei som dekorasjon på bordet.
Kanina på toppe er ein koseklut frå
IKEA. Kakepynten består av silkeband, smokkar og papir pynt.
Eg hadde lyst til og gjer ein liten vri på dei typiske baby shower
leikane, og googla meg fram til ein baby shower quiz som eg tok utgangspunkt i.
Eg delte alle inn i to lag og på slutten av quizen utfordra eg til eit friidrettsstemne. Laga måtte velje ut kven som skulle gjennomføra dei forskjellige greinene, dei fekk utdelt desse stikkorda.
1: Stafett 3.stk, nøkkeleigenskapar rask, styrke og lungekapasitet
2. Stille lengde 1.stk (Kan ikkje utførast av gravide)
3. Samarbeid 2.stk
Stafetten gjekk ut på at den raske på kvart laget skulle fylla 200ml vatn
på ei drikkeflaska, skru den saman og gje den vidare til deltakaren for styrke
som skulle drikka opp vatnet, når flaska var tømt skulle deltakaren for
lungekapasitet blåse opp ein ballong til den sprakk.
På stille lengde fekk deltagarane utdelt silkeband som dei skulle klippa
opp på den lengda dei trudde stemte med målet rundt magen på dei gravide.
Samarbeid gjekk ut på å lukta seg fram til kva babyen hadde ete, her kan
ein bruka forskjellege matvarer, eg brukte fem bleier med A: Most banan og
eplejuice B: Most avokado C: Leverpostei med bacon D: Smoothie E: Smøremyk
brunost.
Det er veldig artig kor ekle vanlege matvarer blir med ein gong dei blir
smurt utover i ei bleia.
~ Sweet Little Baby ~
Ten tiny fingers,
Ten tiny toes,
A sweet little smile
A cute little nose.
All these things add up.
To a special little baby
Ten tiny toes,
A sweet little smile
A cute little nose.
All these things add up.
To a special little baby