Søk i denne bloggen

23.11.2014

Kvitmalte innerdører

To strøk med grunning, eit topp strøk, seks karmar og innerdører.  
Eg gjekk lenge å lurte på om eg ikkje bare skulle skifta ut dørene til ferdigmalte dører, men i det bruk og kast samfunnet me lever i gjekk eg for gjenbruk.
Pussepapir, grunning med kvistlakk, maling og nye dørvridara blei kjøpt inn.
Etterkvart fekk eg ånda over meg og eg tok ei og ei dør føre meg. Når eg først satt i gang vart jobben gjort i løpet av eit par veke.
Ei av to dører i ståva ferdig malt, taklistene fekk etterkvart tre støk maling dei også. 


Gangen og entreen før, undervegs og til slutt. 



God Søndags kveld!

16.11.2014

Fin søndag i November


Glutenfrie scones til Lunsj.
Eg har aldrig laga scones før, det var veldig lett. Eg brukte ca. 20 min. frå eg fann fram ingrediensane til dei var ferdig steikt.

Eg satt steikeomnen på 250 grader og fann fram ingrediensane:
2 dl fint glutenfritt mjøl
2 dl Grovt glutenfritt mjøl
2 ts bakepulver
½ dl rapsolje/margarin
1 dl mjølk
1 dl kesam

Blanda alt det tørre, tilsatt olja, mjølk og kesam.
Eg fekk fira scones ut av denne oppskrifta. 
(Dersom deigen blir klissete kan ein bruka is skei med litt olja på, til og fordela deigen med.)

Før eg satt brette i midten av omnen, pensla eg sconesa med mjølk (kan også bruka egg eller olja), laga eit kryss og strødde litt glutenfrie havregryn på toppen. 
Sconsa er klare til servering etter ca. 10 min steiketid.
Dei smakte ekstra god med bringebærsyltetøy og eple.
Oppskrifta fant eg på denne bloggen: glutenfrieperler 

Etter lunsj tok me ein tur til sentrum på by vandring. 

31.05.2014

Baby Shower

For nokre veker sidan, holdt eg og ei god venninnde baby shower for to vakre gravide damer.




 Venninnda mi laga baby frukt salat og bleiekaker.




Eg laga banner og papir pynt, til å pynte bleiekakene med. 




Eg skar ut vimplar i forskjellige fargar, og klypte ut baby bodyar og bokstavar som eg skreiv ut i ønska farge. 




Gåve til dei kommande mødrene, og heimelaga kort med eit lite dikt. 

  
Tenk å bære en spire i seg  
En liten spire som vokser og blir til liv  
Tenk å få kjenne det første livstegn  
En liten fot som sparker  
En hånd som famler i mørket  
En gang skal foten trå i vanlig jord  
En dag skal den vesle handa ligge i di  




17.02.2014

Valentinsdag og bryllup


På fredag var eg i bryllup. 
Bordet var pynta med kvite og raude roser.




Brudeparets vinglass




Brudebuketten




Glutenfri bryllupskake muffins :-)




Ønsket brudeparet lykke til med denne teksten i kortet




13.02.2014

2014 starta med eit fargekikk.

I haust kjøpte eg kvite puter til sofaen, det blei fort kjedelig. Då passa det meg fint at det var januar sal på Kremerhuset.



Eg er veldig lei av den slitte, raude og skrikande parketten. Det kom seg veldig med eit sofateppet. Sofabordet fant eg på finn.no. Eg var klar over at det var litt for stort til sofaen vår, men eg har ein plan om å re designe det slik at det passer betre inn.



 Turkis er ein av dei fargane eg er mest glad i for tida. Eg har lenge sett etter eit bilde me kunne ha over sofaen. Her ein dag fekk eg veldig lyst til å henta fram igjen gamle male kunster, og prøvde meg på eit abstrakt bilde. Bilde kunne ha vore litt større, men fordelen med at eg har mala det sjølv er jo at eg kan skifte det ut når eg føler for det.



Favoritt bilde mitt "Et godt smil kommer sjelden alene" av Gunilla Platou





10.12.2013

Allergivennlig juletre i hus


I år har eg pynta til jul med trollhassel.



Dompapen og nissane er det den flinke og kreative besto mi som har laga.



17.10.2013

Loppefunn

Det er litt merkelig å ta med seg heim noko andre ikkje vil ha.

I helga var eg på loppemarked der fant eg denne krukka og mini vin ballongen. 



Slik såg krukka ut før eg lakka den lyse grå




 God helg